Festivaløya – Ein smak av sommar
Festivaløya versjon 2.0 – heldigvis ein realitet. Dette takka vere eit unikt samarbeid mellom Hareid og Ulstein kommune, og støtta frå næringslivet i begge kommunane. Tusen takk.
I år som i fjor står festivalane i kø på øya vår, og i magasinet Festivaløya får du presentert alle frå perm til perm i kronologisk rekkefølgje. Festivalsommaren startar allereie andre helga i juni med Smak av Ulstein og Ulsteinmessa, etterfølgt av SommarFLØrt, Langerysta, Seinsommarfest, Trebaatfestivalen, Hareid Triatlon og Brandalsdagane. Sjølvsagt med mykje anna gøy innimylla.
God sommar folkens!